Wednesday, June 13, 2007

Å kome seg til Ørsta... ei kinareise?




Å nei! Absolutt ikkje! Du må berre vite kva veg du skal køyre;)
Her er to linkar til dei mest aktuelle strekningane som vert brukt til våra bryllaup.

  • Sandnes - Ørsta:
http://www.kystvegen.no

For dei som undrar seg over at Ørsta ikkje står på kartet(det gjer eg og), så kan eg fortelje at Ørsta ligg rett etter Volda.

  • Oslo - Ørsta

Gule sider ville ikkje gi meg noko fornuftig forslag når det gjeld denne ruta. Det eg vil anbefale her er å køyre Gudbrandsdalen oppover til Otta. Her tek du av til høgre og køyrer mot Lom, over Strynefjellet, Stryn, og vidare mot Volda. Ørsta ligg 1 mil vidare frå Volda mot Ålesund.

No comments: