Wednesday, June 13, 2007

Å kome seg til Ørsta... ei kinareise?




Å nei! Absolutt ikkje! Du må berre vite kva veg du skal køyre;)
Her er to linkar til dei mest aktuelle strekningane som vert brukt til våra bryllaup.

  • Sandnes - Ørsta:
http://www.kystvegen.no

For dei som undrar seg over at Ørsta ikkje står på kartet(det gjer eg og), så kan eg fortelje at Ørsta ligg rett etter Volda.

  • Oslo - Ørsta

Gule sider ville ikkje gi meg noko fornuftig forslag når det gjeld denne ruta. Det eg vil anbefale her er å køyre Gudbrandsdalen oppover til Otta. Her tek du av til høgre og køyrer mot Lom, over Strynefjellet, Stryn, og vidare mot Volda. Ørsta ligg 1 mil vidare frå Volda mot Ålesund.

Har du ein kommentar eller eit spørsmål?

Eg fekk eit tips om at det ikkje var mogleg å kommentere her i bloggen vår. Men dette er no ordna! No kan du kommentere det du vil, og har du eit spørsmål må du sjølvsagt kome med det;) Elles kan de også nå oss på telefon..

Veit du kva eg ynskjer meg...?





Ynskjeliste er lagt ut på "Tilbords" og "Jernia". For å finne lista på "Tilbords" må du oppsøke ein butikk nær deg, og spørje betjeninga om å få sjå lista. Då vil dei skrive den ut for deg. NB: denne finn du ikkje ved å søke på nettet heime. Men på nettet finn du derimot lista som vi har lagt ut på www.jernia.no. Denne vil dei nok kunne søkje opp i butikken også. Vi har skrive opp ulike ting på dei to listene, så om du likar å kjøpe f. eks knivar, så anbefalar vi lista på "Jernia". Vi har no også lagt ut liste på Ørsta Glasmagasin.

Tuesday, April 24, 2007

Etter ein lang dag... Kvar skal eg bu?




Her finn du linkar til forskjellige overnattingsplassar i Ørsta. Her vil du finne alt frå campingplassar til hotell. Om vi ikkje høyrer noko anna, reknar vi med at de ordnar med overnatting sjølv.

Men aller fyrst; ei uoffisiell informasjonside om Ørsta. Mange fine bilete:)
http://www.orsta.org/


  • Campingplassar:
http://www.hjorundfjord-camping.no/ på Sæbø. Ikkje langt frå Bondalen grendahus


  • Hotell:
http://www.sagafjordhotel.no på Sæbø. Ikkje langt frå Bondalen grendahus
Posted by Picasa