Eg elskar små, ubetydelige ting som gjer kvardagen til noko meir enn ein... ja, kvardag. Som eit vakkert lauv, ein god song som set kjenslene i sving, god mat, gjenstandar med historie, vakre hus, kompliment og... ja, raude stolar.
Å nei! Absolutt ikkje! Du må berre vite kva veg du skal køyre;) Her er to linkar til dei mest aktuelle strekningane som vert brukt til våra bryllaup.
Sandnes - Ørsta:
http://www.kystvegen.no
For dei som undrar seg over at Ørsta ikkje står på kartet(det gjer eg og), så kan eg fortelje at Ørsta ligg rett etter Volda.
Oslo - Ørsta
Gule sider ville ikkje gi meg noko fornuftig forslag når det gjeld denne ruta. Det eg vil anbefale her er å køyre Gudbrandsdalen oppover til Otta. Her tek du av til høgre og køyrer mot Lom, over Strynefjellet, Stryn, og vidare mot Volda. Ørsta ligg 1 mil vidare frå Volda mot Ålesund.
Eg fekk eit tips om at det ikkje var mogleg å kommentere her i bloggen vår. Men dette er no ordna! No kan du kommentere det du vil, og har du eit spørsmål må du sjølvsagt kome med det;) Elles kan de også nå oss på telefon..
Ynskjeliste er lagt ut på "Tilbords" og "Jernia". For å finne lista på "Tilbords" må du oppsøke ein butikk nær deg, og spørje betjeninga om å få sjå lista. Då vil dei skrive den ut for deg. NB: denne finn du ikkje ved å søke på nettet heime. Men på nettet finn du derimot lista som vi har lagt ut på www.jernia.no. Denne vil dei nok kunne søkje opp i butikken også. Vi har skrive opp ulike ting på dei to listene, så om du likar å kjøpe f. eks knivar, så anbefalar vi lista på "Jernia". Vi har no også lagt ut liste på Ørsta Glasmagasin.